Sunday, May 06, 2012

Lite nytt er godt nytt...:)

Vi ser at det blir færre og færre blogginnlegg på bloggen vår...Det har vel blitt andre prioriteringar i det siste! Men vi har det bra!:) I dag snør det tett ute på trass av at vi har kome til mai (!), Sondre er sjuk og Håvard tassar allereie rundt i pysjen! Innekosedag kallast det!:) For å gi ei kort oppsummering av dei største hendingane siste mnd for dokke vi ikkje treff så ofte, så kan vi nemne at Ole no har fått seg fast stilling i Hareid kommune, eg har gått opp til 70 % fast i same kommuna, Håvard og Sondre går no i same kjekke barnehage, farmor og farfar flyttar til Hareid om 2 veker, Sondre har lært seg å sykle UTAN støttehjul, Håvard har funne ut at han skal satse på å ha ei sterk vilje (men absolutt mest blid altså:)), Ole har fått seg Rogalandsbunad som han er utruleg flott i, eg har blitt ein racer på å sykle til jobb med min veldig gode 30årsdagssykkel, og ellers så har vi det stort sett svært godt!!:) Skal sjekke ut om eg klarer å legge ut bilder frå mobilen, so kjem det vel eit par bilde av skjønnasane våre, og ikkje minst flotte mannen min med bunad:) Ynskjer dokke alle ei finfin veke, helst utan snø, med SOL!!:)

Wednesday, November 23, 2011

Ein liten film

Testing av eit nettbasert videoedigeringsprogram endte opp med denne korte filmsnutten av familien vår. Stolt av guttane og jentå mi:)

Thursday, August 11, 2011

Oppdatering!

Då var det sanneleg på tide med eit nytt blogginnlegg! Det byrjar å bli ei stund sidan påske...

Tida etter påske har vore svært spesiell for oss. Pappa har lenge vore kreftsjuk, men vi håpa i det lengste på at han skulle klare seg. Litt før påske vart han meir og meir svak, kroppen klarte ikkje å handtere dei lumske cellene i kroppen lenger...Vi fekk vite at det ikkje vart meir behandling den 5.mai. Vi skunda oss då med å ha ein nydeleg dag for Kamilla og Øyvind der pappa fekk gitt ifrå seg yngstejenta si, og presten fekk velsigna både det komande ekteparet, samt velsigna og bedd for tida og situasjonen. Dette var ei sterk oppleving!


Knappe to veker etter vart Håvard-guten vår døypt. Det vart også ei fin markering. Håvard kosa seg alltid i armkroken til morfar, og der var han alltid velkommen!



5.juni døde papsen. Der og då føltes det godt at han fekk sleppe, samstundes som at det var så uendelig trist at det vart så endeleg...no kjenner vi på savnet av ein frisk, levande, lattermild, omsorgsfull, omtenksom, positiv, hjelpsom, arbeidssom, leikande ++++ pappa, svigerfar og morfar. Livet tek brått ei heilomvending. Likevel må livet gå vidare, og det er godt å ha dei to skjønne gutane våre som verkeleg får oss til å fokusere på livet. Sondre har utruleg mange gode minner av den snille og kjekke morfaren sin, og dei skal vi hjelpe han med å halde friskt i minnet! Han snakkar ofte om morfar, og er oppteken av at morfar har det godt i himmelen hos Jesus. Det er godt for oss alle å tenke på:) Ville ta med eit bilde av mamma og pappa, våre FLOTTE foreldre!!

Gravferda var heilt spesiell! Det var som om taket lyfta seg i kyrkja under salmesongen. MEKTIG! Det er også godt og forbilledleg å sjå kor mange pappa har betydd noko for. Til og med ute på trappa stod det folk, kyrkja var for lita! Ein blir takksam av å oppleve den varmen frå så mange, både kjende og ukjende.

Knappe to veker etter gravferda bar turen sørover i bryllup for Elisabeth og Magnus. Ein stas-dag! Deretter var vi så heldige å få vere fadderar for skjønne Milla på Karmøy! Så bar turen til Tyrkia. Vi hadde i utgangspunktet sett av denne veka til ein Kretatur. Då vi såg at det ikkje lot seg gjere, avbestilte vi denne turen. Når det no gjekk så raskt med pappa på slutten, kjende vi på at vi måtte vere i lag, og veka var allereie sett av. Vi fann oss då ein chartertur til Tyrkia. Eit luksushotell med all inclusive der vi berre kunne slappe av og samle nye krefter! Deilig!:)

Så hadde vi oss ei god veke i Suldal. Der slappa vi av, fekk oss nokon treningsturar, kosa oss på hytta, gjekk turar +++ Kjekt å få vere saman med farmor, farfar og Mussi!

Resten av feria har vi hatt heime. Vi har hatt kjekt besøk av tante Bit (erstatning for fjelleiren vi eigentleg skulle på...det får bli neste år;)). Så har farmor og farfar vore her ei lang og kjekk stund, og no er heile fam Grimstad i området for å planlegge bryllaupet til Kamilla og Øyvind som skal vere fyrstkomande laurdag!:)

Har ikkje lagt inn bilder frå ferien, men dei kjem seinare!!:) Men vil avslutte med eit hærleg bilde av hjerteknusarane våre! <3
Fleire bilder frå ferien kjem nok etterkvart, og ikkje minst frå bryllaupet til helga. Vi gler oss! Nye ting skal også skje til hausten, så det er berre å fylgje med!:)

Thursday, March 31, 2011

Ettermiddagstur i ammepausen:)

Ein av dei siste dagane i mars skein det opp med nydeleg påskevêr- og føre på øya vi bur på. Med ei tante på besøk og to klare besteforeldre, var barnevakt i boks- og vi ikkje seine om å snu oss for å ta ein liten tur opp i sidene over bygda. Målet var turen, og løypa vart til undervegs. Vi endte opp på Lågskjervane, noko som verken er særleg langt eller krevande, berre veldig fint og supert for ein tur i ammepausa.